BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.5010//EN
BEGIN:VEVENT
UID:dc8e76e8-adbd-d228-c08b-da3b7e93c1fa
SUMMARY:Anders Heger: Wanda. En familiehistorie
DESCRIPTION:Då ho var 21 år gammal, vart Wanda Heger og familien hennar sivilinternerte i Tyskland. Dei hamna på eit slott ikkje langt frå konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Driven berre av eit ønskje om å hjelpe, tok Wanda med seg nokre norgesglas med kokte poteter, gjekk opp til leirporten, banka på og bad om å få levere dei til fangane. Denne i og for seg uskuldege handlinga skulle bli starten på ei lang og dramatisk rekkje av hendingar som kulminerte i ein av dei mest fascinerande redningsaksjonane under andre verdskrigen: dei kvite bussane, som redda over 15 000 fangar i sluttfasen av krigen. Historia rommar òg ei svært spesiell og i utgangspunktet utenkjeleg kjærleikshistorie. Forteljinga har historiske, politiske og mellommenneskelege sider som strekkjer seg heilt inn i den nazistiske toppleiinga, dei norske, svenske og danske regjeringane, det internasjonale Røde Kors og ei lang rekkje internasjonale aktørar. For Wanda og Bjørn Heger (foreldra til forfattaren) og dei sivilinternerte i Berlin var det likevel den nære kontakten med fangane – det illegale og svært farlege samarbeidet på bakkenivå – som stod i sentrum. Vi møter Anders Heger i samtale med bibliotekar Sigurd Bjørnstad Syversen. Arrangementet er støtta av Kulturrådet. Gratis og ope for alle!
DTSTART:20261104T170000Z
DTEND:20261104T180000Z
LOCATION:Sjøholt bibliotek
SEQUENCE:0
CREATED:20260731T113347Z
DTSTAMP:20261030T170242Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
