BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.5010//EN
BEGIN:VEVENT
UID:f4bc7bf0-4edc-165b-8a8c-a2541ad00215
SUMMARY:Forfattarmøte: Gert Rietman
DESCRIPTION:Gert Rietman kjem frå Nederland og har budd i Noreg sidan 1997. Han er leiar i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn og kjem til Skodje bibliotek for å lansere si nye bok På sidelinja i Noreg. Frå boka: På sidelinja i Noreg er ei personleg, varm og humoristisk bok om å finne seg til rette i eit nytt land – og om å oppdage at ein kan høyre heime fleire stader samtidig. Gjennom korte forteljingar møter lesaren eit Noreg sett med undrande auge. Bak dei morosame historiene ligg refleksjonar om identitet, heimlengsel, tilhøyrsle og korleis eit nytt språk og ein ny kultur sakte blir ein del av den ein er. Boka er ei kjærleikserklæring til Noreg – men òg ei påminning om at den som kjem utanfrå, ofte ser det dei som bur her, ikkje lenger legg merke til. Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!
DTSTART:20261110T170000Z
DTEND:20261110T180000Z
LOCATION:Skodje bibliotek
SEQUENCE:0
CREATED:20261006T135456Z
DTSTAMP:20261105T142829Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
