Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Harøy bibliotek held stengt i haustferien veke 41.

Peder Kjøs - du kan få det bedre

Portrettfoto av Peder kjøs, og bilde av bokcover.  - Klikk for stort bilete Agnete Brun

14. oktober besøkjer den kjende psykologen og forfattaren Peder Kjøs  Ålesund bibliotek med føredrag basert på si nyaste bok «Du kan få det bedre – forstå mer av deg selv og relasjonene dine.»

Dato
14. oktober 2024
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Ålesund bibliotek

I føredraget sitt fortel Peder Kjøs om kva som har hjelpt han – i håp om at det også kan hjelpe deg. Eigentleg burde det vere lett å få det betre: Drikk mindre. Spis sunnare. Snakk om det som plagar deg. Dei som kjem til Peder Kjøs har prøvd mange slike tips, men endar berre opp med å føle seg verre når dei ikkje har fått til det som verkar så enkelt for alle andre. 

 

Når mor hans døyr, opplever psykologen at han treng hjelp til å sortere i trådane som har floka seg saman. Kvifor var han ikkje meir til stades når ho trong han? Kvifor var det alltid ein distanse mellom dei? Og korleis forsonar han seg med at ting vart som dei vart?  For å få det betre med seg sjølv, tek den erfarne psykologen Peder Kjøs i bruk kunnskap, erfaringar og metodar han har opparbeidd seg gjennom sitt virke som terapeut.

 

Føredraget er ein del av markeringa av verdsdagen for psykisk helse, ein nasjonal befolkningskampanje som markerast over heile landet i uke 39-42 kvart år. Kampanjen bidreg til å auke kunnskap, forståing og openheit kring psykisk helse.

 

Arrangementet er gratis og ope for alle.