Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ope møte: Bli med og arranger litteraturfestival i Ålesund

Bli med å lage litteraturfestival!
Mennesker som sitter i sirkel og prater i bibliotek.  - Klikk for stort bilete Nesteren Hasani  

Dato
23. august 2022
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Foajeen, Parken kulturhus

I juni hadde vi første møte for å finne grobotn for ein litteraturfestival i Ålesund. No inviterer vi til eit nytt møte for å fortsette arbeidet kring kva vi ønsker fokus for festivalen skal være, etablere samarbeidspartnerar og eit festivalteam som vil jobbe for å lage meir litteraturliv i Ålesund. Møtet vil denne gongen være i Foajeen på Parken kulturhus. 

Litteraturfestivalen er initiert av Jon Ståle Ritland, med Ålesund bibliotek som primus motor. Vi ønsker fleire på laget for å skape ein levande festival med heile byen som scene. Det er berre å slippe fantasien laus når denne festivalen skal arrangerast! Kanskje skal vi opne festivalen med fleire konserter, eller fylle programmet med musikk og tekst? Kanskje veit du om ein forfattar som berre MÅ komme til ålesund? Ein plass som er perfekt for eit bokbad? Eller har du idé til ein utstilling, forestilling eller konsert? 

Vi vil ha med deg som er engasjert i menneske og vil skape stemning i Ålesund. Det spiller ingen rolle om du var med på førre møte eller ikkje. Saman kan vi få til mykje!