No er det snart på tide å hauste frø frå plantane som er sådd, slik at vi kan dele ut nye frø neste vår!
Vi arrangerer difor eit frøhaustingskurs, som blir halde av Malene som driv Sagatun Gaard på Skodje. Ho har høg kompetanse om temaet, og har eige planteutsal på garden sin.
Du kan bli med på kurset uavhengig av om du har nytta deg av frøbiblioteket - målet er at flest mogleg skal kunne gjere seg nytte av det vi har rundt oss!
Arrangementet er gratis og ope for alle.