Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Med livet som innsats: ytringsfridom i Russland etter Ukrainakrigen

Portrettbilde av Øystein Windstad. - Klikk for stort bilete 

Dato
6. oktober 2022
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Ålesund bibliotek

Journalist Øystein Windstad frå Aukra har sett søkjelyset på tilhøva for menneskerettar og ytringsfridom i Russland dei siste ti åra. Han var sjølv nær ved å bli drepen på jobb i Russland, då han saman med andre journalistar blei angripen og bussen dei sat i sprengt. Windstad har master i undersøkjande journalistikk og dokumentar, bakgrunn frå NRK og jobbar i dag som gravejournalist i Fagbladet. Fleire av dei russiske journalistkollegaene til Windstad som overlevde angrepet i 2016, har måtta rømme frå Russland etter krigen mot Ukraina. Dei siste frie russiske avisene har blitt nedstengte. Men dei maktkritiske russiske journalistane gjev ikkje opp og held fram arbeidet med å setje eit kritisk søkjelys på Ukrainakrigen og menneskerettssituasjonen i Putin sitt Russland. 

Arrangementet er ein del av arrangementsrekka «Ytringsfridomens grenser» og er støtta av Fritt Ord.

Gratis og ope for alle!