Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Bjørn Wennersberg (16) fekk valet: Konsentrasjonsleir eller jobbe for Rinnan?

Aage G. Sivertsen kjem i haust ut med boka Rinnanbanden. Han kjem til Ålesund bibliotek for å fortelje om ei av historiene frå boka. 
 

Portrettfoto av forfattar Aage Sivertsen, ein eldre mann med grått hår og blå skjorte.  - Klikk for stort bilete

 

Dato
12. oktober 2022
Tid
18:00 - 19:30
Stad
Ålesund bibliotek

Ålesundsguten Bjørn Wennersberg, som var 16 år i 1942 var sentral i Ålesundsaksjonen. Han jobba for motstandsrørsla, men vart avslørt, arrestert og torturert av Henry Rinnan 22. februar 1942. Wennersberg fekk to val: anten jobbe for Rinnan og Gestapo eller bli plassert i konsentrasjonsleir. Han valde tilsynelatande det første. Ei uopna eske i landssvikarkivet fortel Wennersberg si historie.

Arrangementet er gratis og ope for alle.