Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Samtale om Longva kunstnarresidens

Seks personar i fjøresteinane på Longva. Foto. - Klikk for stort bilete Hild Borchgrevink

 

Dato
29. november 2022
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Ålesund bibliotek

Velkomen til ein kunstnarsamtale mellom kunstnar Terese Longva og biblioteksjef Nesteren Hasani tysdag 29. november på Ålesund bibliotek. 
Samtalen vil omhandle utviklinga av Longva kunstnarresidens på Skuløy, og utstillinga Tidshorisontar som er stilt ut i biblioteket denne månaden.

Kunstnarane Terese Longva, Sabine Popp og Hild Borchgrevink held på å bygge om eit naust på Skuløya til Longva kunstnarresidens, i samarbeid med fastbuande på Nordøyane. Båthuset skal bli arbeidsrom og verkstad for internasjonale kunstnarar og skribentar som kan kome til øya for å ha eit arbeidsopphald der. 

I samtalen skal vi få høyre meir om utviklinga og planane framover for Longva kunstnarresidens, og kva det eigentleg betyr å vere artist in residens. Vi skal også få høyre om performancearrangementet Mellom himmel og hav som gjekk føre seg på Nordøyane 8. - 20. august 2022, og som no er dokumentert i ei utstilling på biblioteket.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!