-
Tidspunkt
-
Måndag 02.09.2024 10.00 - måndag 30.09.2024 16.00
-
Stad
-
Ålesund bibliotek
I september stiller Joar Sæther ut bileta sine på Ålesund bibliotek. Han kjem frå Vigra i Giske kommune, og har budd i Ålesund kommune sidan slutten av 1990-talet.
Joar har elleve års arbeidserfaring frå fotoforretning, og har vore fascinert av fotografering frå han var svært ung. Han er sjølvlært, og har brukt mykje tid på å studere fototeknikk, og gjort bruk av kunnskapen han har tillært seg med prøving og feiling for å utvikle seg vidare som fotograf.
Å stille ut fotografia sine på kunstveggen til biblioteket har vore ein draum for Joar i lang tid. Bileta i utstillinga spenner over ein lengre tidsperiode, men dei fleste er heilt nye- tekne dei siste 2-3 åra. Han har ein forkjærleik for naturbilete teke frå sine reiser i inn og utland. Storslåtte landskapsmotiv, dyre og fuglemotiv, nærbilete av bitte små insekt og blomstrar, nattbilete og arkitektur frå både byar og ute på landet. Sjangrane er nærast uendelege, og du blir aldri utlærd som fotograf!
Utstillinga kan sjåast i opningstida til biblioteket i heile september.