Ønskjer du å bli betre på å handtere nettbrett, PC eller smarttelefon? Saknar du ein møteplass der du kan kome og spørje om hjelp, eller hjelpe andre til å bli meir digitale?
Den digitale utviklinga skjer raskt, og det kan vere vanskeleg å hengje med. Ålesund kommune ønskjer derfor å skape sosiale møteplassar der ein kan lære meir om dei digitale verktøya ein brukar i kvardagen, over ein kopp kaffi og litt å bite i.
Ta med ditt eige digitale verktøy (t.d. nettbrett, PC eller smarttelefon) og møt opp på Ålesund bibliotek.
Arrangementet er gratis og ope for alle.