Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Vennskap og kreativitet sidan 1949

Jubileumsutstilling med Ålesund Kameraklubb

Tidspunkt
Måndag 05.02.2024 10.00 - fredag 29.03.2024 16.00
Stad
Ålesund bibliotek

Ålesund Kameraklubb feirar i år 75 år. Det markerer dei med to utstillingar på Ålesund bibliotek, i tillegg til fleire fotoføredrag på biblioteket i utstillingsperioden. Bileta er tekne av medlemmene i klubben, og viser åtte ulike sjangrar innan fotografi.

 

Februarutstillinga viser sjangrane Arkitektur, Landskap, Kontemplativ og Makro. Marsutstillinga presenterer Natur, Portrett, Gatefotografering og Kreativ. 

 

Ta deg ein tur på biblioteket og sjå utstillinga til Ålesund Kameraklubb i perioden februar og mars. Føredraga blir annonsert på heimesida til Ålesundsbiblioteka og Facebook.

 

Velkomen!