Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Endringar i tilbodet ved Ålesund bibliotek

I perioden 20. mars - 5. mai er lokala til Ålesund bibliotek stengt på grunn av bygningsarbeid. Vi vil likevel halde så mange tilbod og tenester som mogleg opne for lånarane våre. Vi har laga til alternative løysingar både når det gjeld utlån, arrangement og aktivitetar.

Les meir om dette her.

  • Hendelse

Dyrkeverkstad for barn

Dato

Tysdag 22. april 2025

Tidspunkt

kl. 14:00 - 16:00

Stad

Skodje bibliotek

Velkommen til ein kreativ og grønn verkstad på biblioteket! 

Vi pyntar små krukker og plantar solsikkefrø – ei fin aktivitet som lærer barna om natur, berekraft og det å dyrke noko sjølv.
Passar for barn i alle aldrar – kom innom og dyrk med oss!


Dette arrangementet er ein del av biblioteket si markering av Veke 17: Bibliotekas berekraftsveke – ei landsomfattande satsing der bibliotek over heile landet set fokus på FNs 17 berekraftsmål.
Biblioteka er ein viktig møteplass for kunnskap, deling og fellesskap – og bidreg til både miljømessig og sosial berekraft.
 

Arrangementet er gratis og ope for alle – velkommen!