Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Endringar i tilbodet ved Ålesund bibliotek

I perioden 20. mars - 5. mai er lokala til Ålesund bibliotek stengt på grunn av bygningsarbeid. Vi vil likevel halde så mange tilbod og tenester som mogleg opne for lånarane våre. Vi har laga til alternative løysingar både når det gjeld utlån, arrangement og aktivitetar.

Les meir om dette her.

  • Hendelse

VÅRKURS – Frøsåing og plantestell frå A til Å

Dato

Tysdag 22. april 2025

Tidspunkt

kl. 17:00 - 18:30

Stad

Harøy bibliotek

Har du lyst til å lære meir om frøsåing og korleis du lykkast med småplantar – utan masse utstyr og styr?
Bli med på eit inspirerande og praktisk foredrag med Sagatun Gaard, der du får gode råd og enkle tips til korleis du kjem i gang med hageglede – heilt frå frø til plante.

Innhald i kurset:
– Frøsåing + tips til vanskelege frø
– Lys, ompotting og prikling
– Stell og pleie av småplantar
– Litt om jord, gjødsel og planting ute
– Herding av plantar
– Stiklingar
– Slik kan du lykkast med tomat og agurk – utan drivhus!

Dette arrangementet er ein del av biblioteket si markering av Veke 17: Bibliotekas bærekraftsveke – ei landsomfattande satsing der bibliotek over heile landet set fokus på FNs 17 bærekraftsmål.
Biblioteka er ein viktig møteplass for kunnskap, deling og fellesskap – og bidreg til både miljømessig og sosial berekraft.
 

Arrangementet er gratis og ope for alle – velkommen!