Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi inviterer til foredrag v/Svein Øverland f.1969, Ålesund, barne- og ungdomspsykolog og rettspsykolog.
Hans faglege tyngdepunkt omfattar emne som rus og psykisk helsevern, overgrep, avhengighet, angst og kontrolltap, m.m.
Øverland har skrive fleire bøker og er kjent som engasjert formidlar frå m.a. Etikk-etaten i NRK.
Stadig ser vi rapportar om aukande utanforskap mellom unge, og om eldre som er einsame.
Ungdom droppar ut av skulen, mistar kontakt med venneflokken. Fleire enn før strevar med å
passe inn. Også eldre kan oppleve å vere utbrente, deprimerte og slite med å finne meining i
kvardagen.
Mange synest ikkje lenger dei kan svare ja på spørsmålet: Er det bruk for meg?
Redusert psykisk helse er blitt eit kjent fenomen i samfunnet.
Korleis kom vi hit? Kva gjer det med dei som veks opp i dag? Korleis påverkar det
samfunnet?
Og, ikkje minst, kva endringar skal til – med systemet og haldningane våre – for at fleire kan
oppleve at ‘det er bruk for meg’?
Korleis kan vi som samfunn og enkeltmenneske bidra til å snu utviklinga?