Politikorpset i Ålesund var eit av dei som i størst grad blei tatt over av nazistane under 2. verdskrig, og mot slutten var det berre nokre få igjen av det opprinnelege korpset. Likevel var det mykje som skjedde i kulissene.
Jostein Solvoll er tidlegare politibetjent frå Ålesund. Han har brukt mykje tid på å undersøke historia til politiet på Sunnmøre, og har mellom anna laga eit hefte med det oppsamla materialet.
Arrangementet er ein del av arrangementsrekka "I krigens kjølvatn" og er støtta av Fritt ord.
Gratis og ope for alle!