Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Heisa ved Ålesund bibliotek ute av drift frå veke 6

Heisa i lågblokka ved Ålesund bibliotek skal skiftast ut. I februar og mars har vi derfor ikkje heis tilgjengeleg for publikum. 

 

Arbeidet med å skifte ut heisa tek til måndag 5. februar. Den nye heisa skal vere klar til bruk igjen måndag 1. april. I februar og mars blir heisa altså utilgjengeleg. For deg som ikkje kjem deg opp til biblioteket utan heis, er det dette som gjeld i denne perioden:

Utlån og innlevering av bøker

Det vil stå ei innleveringskasse i første etasje i bygget. Her kan du levere bøker og anna materiale. 

Dersom du skal låne bøker, er det greit om du tek kontakt med biblioteket på førehand. Då kan vi finne fram bøkene og låne dei ut til deg, og så leverer vi dei til deg nede i gangen. 
Kontakt biblioteket på telefon: 70 16 22 60, eller på epost: alesund.bibliotek@alesund.kommune.no.  

Arrangement ved biblioteket

Dersom du skal vere med på eit arrangement i biblioteket, ber vi deg om å kontakte biblioteket seinast to timar før arrangementet skal starte. Då er det mogleg å nytte seg av ei heis som finst ein annan stad på bygget. Ring oss på telefonnummer 70 16 22 60 for å gjere avtale om dette.

Ut over dette oppmodar vi dykk om å nytte Moa bibliotek i denne perioden, så langt det er mogleg. Dette gjeld om du til dømes skal ta utskrift eller kopiere,  eller om du skal kjøpe billettar til kulturhusa.