Boken kommerMed Boken kommer kan du få bøker og anna materiale levert på døra. Er du glad i å lese, men kjem deg ikkje til biblioteket sjølv? Eller kjenner du nokon som hadde sett pris på litt selskap av litteraturen? I samarbeid med frivillige bokbringarar plukkar vi fram bøker som blir levert på døra til dei som ønskjer det. Vi har utlevering ein gong i månaden, og ein kan låne kva ein vil. Gi beskjed til ditt bibliotek om kva du ønskjer å låne - tematikk, sjanger eller spesifikke titlar, så plukkar vi dei fram og leverer til deg! Til informasjon har både bokbringarar og biblioteket teieplikt. Tilbodet er gratis. Boken kommer-tilbodet finn du ved desse biblioteka: Ålesund bibliotek Moa bibliotek Brattvåg bibliotek Vatne bibliotek Sjøholt bibliotek Skodje bibliotek Sist endra 07.09.2023 08.22