Sit du mykje aleine? Er det eit tiltak å kome seg ut? Saknar du ein god samtale over ein kopp kaffi? Lyst til å besøke andre bygder i nærområdet? Kanskje du er aktiv og sosial, men har meir å gi?
Vi legg til rette for møteplassar for seniorar i biblioteka på Vatne, Brattvåg og Nordøyane, med aktuelle tema som kan skape gode samtalar og diskusjonar.
Alle får tilbod om gratis transport.
Synast du det er fole kjekt å møtast? Kom på ei eller fleire samlingar då vel!
Bibliotek som har aktiviteten Fole kjekt å møtast:
- Brattvåg
- Vatne
- Haramsøy
- Longva
- Lepsøy
Fole kjekt å møtast er eit samarbeid mellom Haram frivilligsentral og Ålesundsbiblioteka.