I veke 41 er det haustferie i skulane i Ålesund og omegn. I Ålesundsbiblioteka har vi spanande aktivitetar for barn heile veka. Bla vidare for å sjå programmet i dei ulike biblioteka.
Førre veke fekk eit stort publikum i Ålesund bibliotek høve til å møte den kjende TV2-journalisten Kadafi Zaman. Besøket var eit samarbeid mellom Ålesundsbiblioteka og Møre og Romsdal Røde Kors.
Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag som i Noreg vert markert i veke 39-42 kvart år. Årets tema er psykisk beredskap, altså evna til å møte livets utfordringar med motstandskraft, innsikt og støtte. Ålesundsbiblioteka set søkelys på dette temaet gjennom fleire arrangement i haust.
Måndag 8. september markerer Ålesundsbiblioteka den internasjonale Read Hour med arrangement som inviterer både store og små til å sette av ein time til lesing. Målet med Read Hour er å løfte fram lesing som ein verdifull aktivitet – ei kjelde til ro, refleksjon og ny innsikt i ein travel kvardag.
Torsdag 4. september blir ein kveld i litteraturens namn ved Ålesund bibliotek. Vi presenterer dei nominerte til Bibliotekets litteraturpris, ein nasjonal pris som blir delt ut kvart år. Vi gir også ein smakebit frå haustprogrammet ved biblioteket, og tipsar om nokre av bøkene som kjem ut i haust. Kvelden blir avrunda med litteraturquiz.
Frå 2. september set vi i gong igjen med Les Vegas, Baby! ved Ålesund bibliotek. Dette er ei lesestund for dei aller yngste lesarane, nemleg barn frå 7 månader til 1,5 år. I haust blir også tilbodet utvida til Moa og Skodje bibliotek.
Frå og med måndag 18. august er det slutt på sommaropningstidene. Alle biblioteka er tilbake til ordinære opningstider.
Slik blir opningstidene til biblioteka i sommar.
Ålesund bibliotek feirar verdsdagen for den tradisjonelle rumenske blusen! Tysdag 24. juni vert dette tradisjonshandverket feira over heile verda.
5. juni er Ålesund bibliotek vertskap for arrangementet Verdas miljødag, i samarbeid med ei rekke organisasjonar og private og offentlege verksemder.