Meirope bibliotekMeirope bibliotek vil seie at ein kan bruke biblioteket også før og etter den ordinære opningstida. Biblioteka våre som er meirope:Moa bibliotekSkodje bibliotekSjøholt bibliotekSjå opningstidene for det einskilde bibliotek her.Kva kan du gjere på meirope bibliotek?Låne, levere, søke, hente og reservere materiale Lese og finne informasjon Lese aviser og tidsskrift Studere og gjere lekser Skrive ut Nytte trådlaust internett Korleis og kven kan få tilgang?For å få tilgang til meirope bibliotek, må du skrive ein kontrakt med biblioteket.Det er lånarar frå 16 år og oppover som kan få tilgang til meirope.Er du over 18 år signerer du kontrakten sjølv. Dersom du er mellom 16 og 18 år må føresette signere kontrakten.Sjå meir under om korleis meirope fungerer ved dei einskilde biblioteka.Meirope på Moa bibliotekVed fysisk oppmøte ved eit av Ålesundsbiblioteka, kan du skrive kontrakt og få tilgang til meirope på Moa.Det er lånekortet ditt som også fungerer som adgangskort. Du kan bruke både det fysiske lånekortet eller digitalt lånekort i Bibliofil-appen. Du treng også ein 4-sifra pinkode. Denne får du også ved biblioteket når du blir registrert som meirope-lånar. Ved Moa bibliotek låser du deg inn ved inngangen inne på kjøpesenteret. Du låser deg inn på denne måten:Skann det aktiverte lånekortet i påloggingspanelet til venstre for døra. Du kan bruke både plastkort eller digitalt lånekort frå Bibliofil-appen.Tast pinkoden din. Vent på at døra går opp. Meirope på Sjøholt bibliotekHer må du møte opp ved biblioteket og skrive kontrakt.Du vil få eit eige adgangskort og ein 4-sifra pinkode. Dette bruker du til å låse deg inn både til sjølve bygget og til biblioteklokalet. Du kan altså ikkje bruke lånekortet ditt eller digitalt lånekort i Bibliofil-appen!Slik låser du deg inn:Ved yttardøra til bygget: Trykk A-knappen på nummertastaturet, hald meirope-kortet ditt inntil tastaturet og tast pinkoden. Ved døra inn til biblioteket: Hald meirope-kortet inntil nummertastaturet til døra opnar seg. Om døra ikkje åpnar seg, kan du taste inn den 4-sifra pinkoden her også. Nummertastaturet kan av og til bruke litt tid, då må du halde kortet inntil litt lenger.Hugs å lukke døra etter deg når du forlet biblioteket. Døra vil gå i lås automatisk.Meirope på Skodje bibliotekHer må du møte opp ved biblioteket og skrive kontrakt.Du vil få eit eige adgangskort som du brukar til å låse deg inn både til sjølve bygget og til biblioteklokalet. Du kan altså ikkje bruke lånekortet ditt eller digitalt lånekort i Bibliofil-appen!Slik låser du deg inn:Du låser deg inn ved å skanne kortet ved den nedre inngangen til Gomerhuset. Gå opp trappa til biblioteket og skann kortet igjen for å åpne døra inn til biblioteklokalet. Sist endra 10.06.2025 16.14