Ønskjer du å bli betre på å bruke mobiltelefon eller nettbrett? Synest du det er vanskeleg å bruke internett, logge inn i nettbanken eller svare på e-post?
Ålesund kommune arrangerer møteplassar for seniorar der ein over ein kopp kaffi og ein god prat kan lære meir om dei digitale verktøya ein bruker i kvardagen.
Arrangementa er gratis og krev inga påmelding - det er berre å møte opp!
Ta med deg eigen mobiltelefon eller nettbrett, og gjerne ladar.
Tema i mai: Facetime og videosamtale
Velkommen!