Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!
  • Hendelse

Fole kjekt å vere sosial og digital!

Dato

Torsdag 8. mai 2025

Tidspunkt

kl. 12:00 - 14:00

Stad

Moa bibliotek

Månadens tema: Biblioteket sine digitale tenester

Ønskjer du å bli betre på å bruke mobiltelefon eller nettbrett? Synest du det er vanskeleg å bruke internett, logge inn i nettbanken eller svare på e-post?

Ålesund kommune arrangerer møteplassar for seniorar, der ein over ein kopp kaffi og ein god prat kan lære meir om dei digitale verktøya ein bruker i kvardagen.
Arrangementa er gratis og det krev inga påmelding - det er berre å møte opp!

Ta med deg eigen mobiltelefon eller nettbrett, og gjerne ladar.

Velkomen!