Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Reduserte opningstider ved Harøy og Skodje bibliotek

I perioden frå og med 19. mai til og med 3. juni har Harøy bibliotek desse opningstidene:
Måndag, tysdag og torsdag: kl. 13.00–16.00

Måndag 26. mai er biblioteket stengt.

Torsdag 29. og fredag 30. mai er Skodje bibliotek stengt. 

  • Attgåande aktivitet
  • Hendelse

Les med oss

Dato

Tysdag 20. mai 2025

Tidspunkt

kl. 13:00 - 15:30

Stad

Harøy bibliotek

Bilete av ei kvinne som les for ei lita gruppe barn og unge. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete

Barn og unge er eit av Nasjonalforeninga for folkehelse sine satsingsområde.  Nokre av aktivitetane det vert satsa på innanfor dette området er leik/lavterskel fysisk aktivitet og lesing/høgtlesing.  

Harøy helselag held i 2025 fram med satsinga på høgtlesing for barn i skulealder, og det blir høgtlesing ved Harøy bibliotek tysdagar kl. 13.00 - 15.30. "Les med oss" følgjer skuleruta. Det vil seie at tysdag i veke 8 og veke 16 fell ut. Siste dag med høgtlesing før sommarferien vert tysdag 10. juni.

Høgtlesinga passar for barn og unge i alderen 6 - 16 år. Det er gratis, og det er ikkje nødvendig å melde seg på på førehand. 

Arrangementa er eit samarbeid mellom Harøy bibliotek og Harøy helselag (lokallag av Nasjonalforeninga for folkehelse). Kontaktpersonar er:
Jorunn Skjelten, tlf. 91129697, epost jorunsk@online.no
Torgerd Sandøy, tlf. 41226464, epost torgerdsandøy@gmail.com 

Dagar aktiviteten går føre seg

Juni

  • 03.06.2025
  • 10.06.2025