I dette føredraget vil historikar Oddbjørn Hofseth fortelje om korleis overgangen frå krig og okkupasjon til fred gjekk føre seg i Ålesund, og korleis det såg ut for dei som var til stade.
Det gjekk få dagar frå dei siste allierte flyåtaka på Ålesund til folk frå Heimestyrkane tok over makta, medan rykte om fred kokte i dagane fram til den tyske kapitulasjonen.
I dette rikt illustrert framlegget vil desse hektiske dagane frå krig til fred bli gjenoppliva, og det vil bli eit og anna ukjent som dukkar opp.
Oddbjørn Hofseth er historikar og lektor, og har i mange år drive med sunnmørsk lokalhistorie, både om okkupasjonsåra og andre tema.