Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Reduserte opningstider ved Harøy bibliotek

I perioden frå og med 19. mai til og med 3. juni har Harøy bibliotek desse opningstidene:
Måndag, tysdag og torsdag: kl. 13.00–16.00

Måndag 27. mai held biblioteket stengt.

  • Hendelse

"Skaparverk i Edens hage?" (Kruger National Park Sør-Africa)

Dato

Måndag 19. mai 2025 - måndag 30. juni 2025

Tidspunkt

kl. 10:00 - 19:00

Stad

Ålesund bibliotek

Jan Roald

Ålesund bibliotek har gleda av å invitere til ei ny og stemningsfull fotosutstilling i kunstgalleriet ved hovudbiblioteket. Frå 19. mai og ut juni kan du oppleve «Skaparverk i Edens hage?» – ei reise inn i det ville dyrelivet i Krugerparken i Sør-Afrika, sett gjennom kameralinsa til Jan Roald.

Her får du ikkje tradisjonelle dyrebilete, men eit kunstnarisk blikk på det naturlege livet – eit forsøk på å forsterke dei fantastiske skaparverka som lever fritt i sitt eige habitat. Er dette ein Edens hage?

Jan Roald er medlem av Ålesund Kameraklubb, og dette er hans andre separatutstilling ved biblioteket.

Utstillinga er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid.

Jan sin foto-CV finn du her: Om Piwigo | Jan Roald's Artphoto and Portfolios