Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Problem med SMS-utsending av hentemeldingar

Ein teknisk feil i biblioteksystemet gjer at det ikkje har blitt sendt ut meldingar på SMS dei siste dagane. Leverandøren jobbar med å rette opp feilen.  
Sjekk i Bibliofil-appen, på Mi side eller kontakt oss dersom du ventar på ei bok. 

Du vil i alle tilfelle få hentemeldinga når feilen er retta opp i.  

Vi seier oss leie for dette, og håper at det blir ei løysing på det snarast.

  • Hendelse

Litteratur med klimablikk

Dato

Laurdag 6. september 2025

Tidspunkt

kl. 14:00 - 15:00

Stad

Moa bibliotek

Arbeid med klima, naturtap og berekraft kan også finne sin inngang gjennom ulike kulturuttrykk; song, teater, poesi, litteratur m.a. Dette har vi brukt å minne kvarandre på når vi dei siste åra har arrangert «Litterære klimablikk i Moa bibliotek.

Gjertrud Jynge, skodespelar frå Det Norske Teateret vil ta oss med inn i Jon Fosse sitt poetiske univers, i tillegg framføre monolog frå Trilogien.  Jynge er anerkjend som ein av dei fremste formidlarane av Fosse si dikting.

I tillegg vil den lovande saksofonisten Håkon Hagen Knudsen ramme inn opplesinga med sine tonestreif,  slik at dette vil bli ein gyllen time vi kjem til å minnast lenge.

Besteforeldrenes klimaaksjon Ålesund, Naturvernforbundet i Ålesund og omegn, Natur og Ungdom Ålesund og Moa bibliotek samarbeider om arrangementet.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Moa bibliotek

Om staden

Namn

Moa bibliotek