Fole kjekt å vere sosial og digital - ein møteplass for seniorar.
Ønskjer du å bli betre på å bruke mobiltelefon eller nettbrett? Treng du nokon du kan spørje om hjelp til å bruke internett, logge inn i nettbanken eller svare på e-post?
Ålesund kommune arrangerer møteplassar for seniorar der ein over ein kopp kaffi og ein god prat kan lære meir om dei digitale verktøya ein bruker i kvardagen.
Det blir ei innleiing om månadens tema, og etterpå kan du spørje om kva som helst av digitale utfordringar.
Tema i september: Kva skjer? Aktivitetskalender på nett.
Tema i oktober: NRK kjem på besøk for å presentere sine digitale tilbod.
Tema i november: Kjeldekritikk - unngå å bli lurt på nettet.
Tema i desember: Parkering med app.