Samlesing i Ålesund bibliotek: siste tysdag i månaden klokka 13.00–14.30.
Også kjend som Shared Reading, Les i lag eller Drop-in-lesesirkel.
Lesestunda er lagt opp etter Shared Reading-metoden:
- Vi sit rundt eit bord med ein tekst framfor oss
- Leseleiaren les teksten høgt.
- Vi snakkar om teksten saman.
- Du kan seie noko viss du vil.
- Du kan òg berre lytte.
- Det finst ingen fasit!
Alle som er gamle nok til å lese vaksenbøker er velkomne til samlesing.
Det er gratis inngang, og ingen krav til førebuing.
Velkomen!
Nysgjerrig? les meir om metoden på www.samlesing.no