Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Endra opningstider onsdag og torsdag

Skodje bibliotek held stengt onsdag 26. november. Torsdag 27. november er det endra opningstid, slik at biblioteket opnar først kl. 14.00. Biblioteket er meirope kl. 08.00 - 22.00 som vanleg begge dagane. 
Sjøholt bibliotek er ubemanna frå kl. 15.00 torsdag 27. november på grunn av arrangement. Utlånsautomaten kan nyttast i opningstida til innbyggartorget. Biblioteket er også meirope fram til kl. 22.00 som vanleg.

Vi seier oss leie for ulempene dette kan medføre. Takk for forståinga!

  • Gjentakande aktivitet
  • Hendelse

Samlesing i Sjøholt bibliotek

Dato

Torsdag 27. november 2025

Tidspunkt

kl. 12:00 - 13:30

Stad

Sjøholt bibliotek

Er du interessert i bøker og litteratur? Eller berre glad i den gode samtalen? Bli med og les i lag med oss!

Samlesing i Sjøholt bibliotek: siste torsdag i månaden klokka 12.00 - 13.30.

Også kjend som Shared ReadingLes i lag eller Drop-in-lesesirkel.

Lesestunda er lagt opp etter Shared Reading-metoden:

- Vi sit rundt eit bord med ein tekst framfor oss

- Leseleiaren les teksten høgt.

- Vi snakkar om teksten saman.

- Du kan seie noko viss du vil.

- Du kan òg berre lytte.

- Det finst ingen fasit!

Alle som er gamle nok til å lese vaksenbøker er velkomne til samlesing.
Det er gratis inngang, og ingen krav til førebuing.
 

Velkomen!

Nysgjerrig? les meir om metoden på www.samlesing.no

Dagar aktiviteten går føre seg

November

  • 27.11.2025

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Sjøholt bibliotek