Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Endra opningstider onsdag og torsdag

Skodje bibliotek held stengt onsdag 26. november. Torsdag 27. november er det endra opningstid, slik at biblioteket opnar først kl. 14.00. Biblioteket er meirope kl. 08.00 - 22.00 som vanleg begge dagane. 
Sjøholt bibliotek er ubemanna frå kl. 15.00 torsdag 27. november på grunn av arrangement. Utlånsautomaten kan nyttast i opningstida til innbyggartorget. Biblioteket er også meirope fram til kl. 22.00 som vanleg.

Vi seier oss leie for ulempene dette kan medføre. Takk for forståinga!

  • Gjentakande aktivitet
  • Hendelse

Leksehjelp for vaksne

Dato

Måndag 1. desember 2025

Tidspunkt

kl. 14:30 - 17:00

Stad

Ålesund bibliotek

Tek du grunnskule eller vidaregåande og er over 18 år? Kom innom for gratis leksehjelp på Ålesund bibliotek.

Kvar måndag frå kl. 14.30 – 17.00 inviterer vi til leksehjelp på Ålesund bibliotek. Dette er eit gratis tilbod for alle over 18 år som tek grunnskule eller vidaregåande skule.
Her får du hjelp av dyktige frivillige i alle fag, og ingen påmelding er nødvendig.

Frå 14.30 -15.00 blir det satt fram enkel servering med kaffe og te.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Røde Kors og Ålesund bibliotek.

Velkomen!

Dagar aktiviteten går føre seg

Desember

  • 01.12.2025
  • 08.12.2025

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Ålesund bibliotek