Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

«Frå Hernes til nytt på nytt – Skulen som styringsoffer»

Dato

Onsdag 3. september 2025

Tidspunkt

kl. 18:00 - 19:00

Stad

Ålesund bibliotek

 

Føredrag med Alv Walgermo om boka «Frå Hernes til nytt på nytt – Skulen som styringsoffer».

I dette føredraget presenterer Alv Walgermo si aktuelle debattbok om styringa av norsk skule. Forfattaren ønsker med boka å rope eit varsku til alle som er engasjert i norsk skule for å få til ei endring der lærarar får større handlingsrom, og der alle elevar får høve til å lære og oppleve meistring. Målet med boka er å gi meir kunnskap om kva grep vi bør ta for å skape ein god skule for alle.

Boka henvender seg til skuleleiarar, lærarar, lærarstudentar, rådgivarar, konsulentar og byråkratar på statleg og kommunalt nivå, og til foreldre og politikarar som er interessert i skule og utdanning.

Professor emeritus Peder Haug ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda har evaluert boka slik:

«Boka er ei oppsummering av sentrale skulepolitiske tiltak i perioden 1990–2020, slik Alv Walgermo har erfart dei i sin sentrale posisjon frå utdanningskontoret hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Boka gir eit godt, detaljert og klart oversyn over dei sentrale elementa i skulepolitikken i desse 30 åra, men ho gir meir enn det. Ho vurderer også dei mange tiltaka og initiativa, og resultatet er ei kritisk bok. Det er ikkje uvanleg at tidlegare embetsmenn skriv bøker om det dei har vore med på, men det er ikkje ofte at ein opplever ei kritisk drøfting av erfaringane som er gjort. Difor er dette ei uvanleg bok.»

Føredraget er gratis og ope for alle.

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Ålesund bibliotek