No startar vi Skaparverkstad på Skodje bibliotek!
Vi er kjempeglade for å endeleg kunne starte opp eit heilt nytt og kreativt tilbod på Skodje bibliotek – Skaparverkstad!
Her får du moglegheit til å lære nye, praktiske og spennande ferdigheiter - og ikkje minst: å vere med og skape!
Vi møtest annankvar torsdag kl. 17.30–19.30
Staden er Skodje bibliotek
Tilbodet er heilt gratis
Skaparverkstaden passar for alle som har lyst til å prøve seg - frå ca. 12 år og oppover
OBS! Du må vere sjølvstendig brukar på PC
Skaparverkstadane blir leia av dei flinke ungdomsassistentane våre. På første samling vil Alexander hjelpe deg som har lyst til å prøve 3D-printing, og Anna Louise viser deg korleis du kan bruke vinylmaskiner til å lage og trykke eigne design på tekstil.
Det blir kreativt, sosialt og lærerikt!
Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Hjarteleg velkomne til å skape noko heilt eige saman med oss!