Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Endra opningstider onsdag og torsdag

Skodje bibliotek held stengt onsdag 26. november. Torsdag 27. november er det endra opningstid, slik at biblioteket opnar først kl. 14.00. Biblioteket er meirope kl. 08.00 - 22.00 som vanleg begge dagane. 
Sjøholt bibliotek er ubemanna frå kl. 15.00 torsdag 27. november på grunn av arrangement. Utlånsautomaten kan nyttast i opningstida til innbyggartorget. Biblioteket er også meirope fram til kl. 22.00 som vanleg.

Vi seier oss leie for ulempene dette kan medføre. Takk for forståinga!

  • Gjentakande aktivitet
  • Hendelse

Skaparverkstad på Skodje bibliotek

Dato

Torsdag 27. november 2025

Tidspunkt

kl. 17:30 - 19:30

Stad

Skodje bibliotek

No startar vi Skaparverkstad på Skodje bibliotek!

Vi er kjempeglade for å endeleg kunne starte opp eit heilt nytt og kreativt tilbod på Skodje bibliotek – Skaparverkstad!

Her får du moglegheit til å lære nye, praktiske og spennande ferdigheiter - og ikkje minst: å vere med og skape!

📅 Vi møtest annankvar torsdag kl. 17.30–19.30
📍 Staden er Skodje bibliotek
💰 Tilbodet er heilt gratis
👥 Skaparverkstaden passar for alle som har lyst til å prøve seg - frå ca. 12 år og oppover
💻 OBS! Du må vere sjølvstendig brukar på PC

Skaparverkstadane blir leia av dei flinke ungdomsassistentane våre. På første samling vil Alexander hjelpe deg som har lyst til å prøve 3D-printing, og Anna Louise viser deg korleis du kan bruke vinylmaskiner til å lage og trykke eigne design på tekstil.
Det blir kreativt, sosialt og lærerikt!

Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Hjarteleg velkomne til å skape noko heilt eige saman med oss!

Dagar aktiviteten går føre seg

November

  • 27.11.2025

Desember

  • 11.12.2025

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Skodje bibliotek