Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

Vegen som vart min: Oddgeir Bruaset ser tilbake

Dato

Laurdag 8. november 2025

Tidspunkt

kl. 13:00 - 14:30

Stad

Ålesund bibliotek

Oddgeir Bruaset har i over førti år samla folket framfor TV-skjermen og radioen. Han er mannen bak den folkekjære serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv. 8. november kl. 13.00 inviterer vi til lansering av boka Vegen som vart min: Oddgeir Bruaset ser tilbake på Ålesund bibliotek.

Kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I Vegen som vart min fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon.
 

I boka får vi eit gjensyn med små og store hendingar frå eit langt journalistliv. Bruaset har jobba med alt frå å dekkje nyhende og tragediar, til å lage program om storslegen natur, dronning Sonja og Erik Bye. Boka er også ei forteljing om motkultur og livet i utkanten.

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Det blir sal av boka ved Norli bokhandel under arrangementet, og du får høve til å få ho signert av forfattaren.

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Ålesund bibliotek