I Biblioklubben møtest barn for å skape, utforske og ha det kjekt saman. Her er det rom for både rolege hobbyaktivitetar, spel, musikk, film og mykje fantasi.
Kom som du er – bli med, oppdag og kos deg på biblioteket!
Annankvar fredag på Skodje bibliotek kl. 13 - 16.
Gratis og ope for alle. Ingen påmelding. Kom innom – vi gler oss til å sjå deg!
24. oktober Skap noko skrekkleg fint til halloween!
7. november Lær å lage søte paper squishies i Kawaii-stil!
21. november Skap noko heilt unikt med 3D-penn.
5. desember Bli med på juleverkstad! Lag dine eigne bokmerke og til og frå lappar.
19. desember Bli med på juleverkstad! Lag julekort og pynt til juletreet.