Manuela Hofer er ein eksperimentell kunstnar som arbeider i krysningsfeltet mellom det analoge og det digitale. Resultatet vert mixed media-verk som utforskar grensene for kva kunst kan vere.
Manuela har stilt ut med kunstnarar som Pia Myrvold, Ørnulf Opdal og Unni Askeland. Ho har òg hatt separat- og gruppeutstillingar i Oslo, Stavanger og Ålesund. Ho var nominert til Noregs første pris innanfor AI-kunst, og sto bak den aller første utstillinga i Noreg laga ved hjelp av kunstig intelligens ("Digital Dreams: Algorithmic Explorations"). Manuela vart også henta inn som kurator for Oslo Kunstpark.
Bileta i Manuelas utstilling er skapt gjennom ein prosess der kunstig intelligens, intuisjon, estetisk sans og algoritmer vert vevd saman i ein kreativ symbiose. Skisser, tekst eller fotografi vert tilverka gjennom AI-baserte verktøy og fotoredigeringsprogram, og eit slags samarbeid oppstår slik mellom menneskeleg intensjon, datamaskin og dataprogramma sine tolkingar.