Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

Vinterferie i Ålesund bibliotek

Dato

Måndag 16. februar 2026 - laurdag 21. februar 2026

Tidspunkt

kl. 17:00 - 15:00

Stad

Ålesund bibliotek

Plakat med vintermotiv.

I år som i fjor vert det aktivitetar for barn og unge ved Ålesund bibliotek i vinterferien.  

Følg med! Her kjem programmet fortløpande.

 

MÅNDAG 16.2. kl. 17.00

Bingo

_________________________________________________________________

TYSDAG 17.2 kl. 18:00

Skulebibliotekkoordinatoren vår inviterer til eit inspirasjonsmøte om lesing for foreldre og andre vaksne som vil støtte barn og ungdom i å utvikle gode lesevanar – og ei ekte interesse for bøker.

Du får høyre om:

  • kva som vekkjer leselyst hos barn og ungdom
  • korleis lesevanar blir til i kvardagen
  • korleis vi som vaksne kan skape nysgjerrigheit og tryggleik rundt bøker
  • kvifor leseminne betyr mykje for motivasjon og vidare utvikling

 

Det blir ein kveld med konkrete tips, gode døme og rom for spørsmål.

Vi serverer gratis kaffi/te, croissantar og frukt.

_________________________________________________________________

 

FREDAG 20.2 kl. 11.00

Vi inviterer barnehagar til bokkino på biblioteket – ei roleg og kjekk leseoppleving for dei eldste barnehagebarna.

Kva er bokkino?

  • Høgtlesing i kinoramme
  • Alderstilpassa biletbok
  • Passar for barn 3–6 år

_________________________________________________________________

 

LAURDAG 21.2 kl. 13-15

Skaparverkstad med ungdomsassistenene! Her blir det:

  • Buttonsverkstad - tegn eller få hjelp til å tegne kule design
  • Perling - bare fantasien og perlebrettet setter grenser
  • Tegning - fargelegging eller blanke ark
  • Tekstiltrykking - ta med ditt eget designede handlenett eller forkle hjem!
  • 3D-printing - finn modeller eller lag din egen.

 

Våre flinke ungdomsassistentar bistår i ungdomsavdelingen for å hjelpe deg med ditt kreative prosjekt.

 

I barneavdelinga har vi Sphero Indi-robotbilar barna kan leike med. Dei er utvikla for å gjere det enkelt for dei minste barna å kome i gong med koding og problemløysing.

Indi har innebygd fargesensor, og det følger med fargekort som gjer at ein kan gjere mange ulike prosjekter. Bygg ulike labyrintar, løys oppgåver eller berre køyr rundt med Indi.

 

Fleire aktivitetar kjem etter kvart. 

 

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Ålesund bibliotek