I år som i fjor vert det aktivitetar for barn og unge ved Ålesund bibliotek i vinterferien.
Følg med! Her kjem programmet fortløpande.
MÅNDAG 16.2. kl. 17.00
Redd Barna Ålesund og biblioteket går saman igjen om å arrangere BINGO for barn, ungdom og familiar.
Vinnarpremiane er familiegåvekort til Bybadet, Atlanterhavsparken, Odeon Kino, Jugendstilsenteret og Ålesund museum.
Gratis pizza til alle frammøtte, spandert og sponsa av Redd Barna Ålesund.
Gratis deltaking. Velkomen til familiedag i biblioteket!
_________________________________________________________________
TYSDAG 17.2 kl. 18:00
Skulebibliotekkoordinatoren vår inviterer til eit inspirasjonsmøte om lesing for foreldre og andre vaksne som vil støtte barn og ungdom i å utvikle gode lesevanar – og ei ekte interesse for bøker.
Du får høyre om:
- kva som vekkjer leselyst hos barn og ungdom
- korleis lesevanar blir til i kvardagen
- korleis vi som vaksne kan skape nysgjerrigheit og tryggleik rundt bøker
- kvifor leseminne betyr mykje for motivasjon og vidare utvikling
Det blir ein kveld med konkrete tips, gode døme og rom for spørsmål.
Vi serverer gratis kaffi/te, croissantar og frukt.
_________________________________________________________________
LAURDAG 21.2 kl. 13:00
Velkomen til feiring av den internasjonale morsmålsdagen 2026 i Ålesund bibliotek!
Den internasjonale morsmålsdagen blir markert 21. februar over heile verda. Den blir markert for å fremje språkleg og kulturelt mangfald.
I Ålesund bibliotek blir det høgtlesing av biletbøker på forskjellige språk - frå Brasil, Polen, Romania, Ukraina og Zimbabwe!
I barne- og ungdomsavdelinga blir det aktivitetar for alle:
- Teikne og fargelegge
- Pusle flaggpuslespel
- Lage eigne bokmerke
- Skrive namnet ditt med ulike alfabet
- Lage armband
- Bidra til venskapstreet vårt
- Markere på verdskartet kvar du kjem frå
- Design din eigen button