Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

Dag Steinfeld: Mannen som gikk fri - politiinspektør Knut Rød og deportasjonen av de norske jødene

Dato

Tysdag 27. januar 2026

Tidspunkt

kl. 19:00 - 20:00

Stad

Ålesund bibliotek

Ålesund bibliotek ynskjer velkomen til bokbad med forfattar Dag Steinfeld om boka som kastar nytt lys over eit mørkt og lenge fortrengt kapittel i norsk historie. 

Fredag 9. april fall dommen i ei av Noregs mest oppsiktsvekkjande rettssaker. På tiltalebenken sat politiinspektør Knut Rød, mannen som i 1942 organiserte deportasjonen av jødar frå Noreg til Auschwitz-Birkenau. Berre nokre få kom tilbake. Likevel vart han frikjent og fekk tilbake stillinga si i politiet. Korleis kunne det skje?

Gjennom omfattande dokumentasjon avdekker Steinfeld korleis Rød, som leiar i Statspolitiet, arbeidde med kald effektivitet - og korleis logikken frå den kalde krigen avgjorde rettsoppgjeret. Boka dokumenterer òg korleis namngjevne medlemmar av motstands­rørsla, fleire av dei seinare dekorert med Kongens fortenestemedalje eller andre høge utmerkingar, spelte aktive roller i jødeaksjonen. 

Dette er ein rystande biografi som søkjer svar på korleis Knut Rød kunne gjere det han gjorde, og korleis han som leia jødedeportasjonane, gjekk fri og vendte tilbake til kvardagen som om ingenting hadde hendt.

Samtalen vert leia av Inger Christine Årstad frå Aalesund museum. 

 

Gratis og ope for alle.

Boksal og signering etter bokbadet.

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Ålesund bibliotek