Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

Margit Ravn – bestseljarforfattar frå Ålesund. Føredrag ved Aud Farstad

Dato

Onsdag 4. februar 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 19:00

Stad

Ålesund bibliotek

Margit Ravn 1885-1960 er no gløymt i Ålesund, men frå 1927 til 1952 var hennar bøker sjølvskrivne julegåver til unge jenter i Noreg. Ravn vart forfattar etter at ho vart enkje med seks barn. Ingen forfattar frå Ålesund har selt fleire bøker. Ho skreiv jamt ei bok i året under sitt eige namn og under ulike pseudonym.

Bøkene hennar er det ein kalla «ungpikebøker» der ung kvinne møter ung mann, det vert knutar på tråden og ting ordnar seg til slutt. Ravn skreiv lett, munnleg og muntert og handlinga stiller opp moralske utfordringar til ungdommane utan at det vert for alvorstungt.

Mange av bøkene hennar vart omsette til andre språk, men eit land var ho spesielt omtykt, nemleg Island. Alle bøkene hennar vart omsett til Islandsk og Ålesunds bibliotek fekk alle i gåve frå Ramn. Biblioteket har difor ein litt uvanleg kulturskatt i magasin.

Gratis og ope føredrag ved Aud Farstad på Ålesund bibliotek

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Ålesund bibliotek