Eventyrveka sitt innslag for vaksne!
Førelesing om eventyr med lærarane Aldona Ulstein og Nicolai Engeli Godø. Nicolai og Aldona held ei førelesing om både folkeeventyr og kunsteventyr – og deler kunnskapen og røynslene sine om korleis eventyr kan brukast i oppvekst og utdanning. Dei tek utgangspunkt i eigne erfaringar med å lese eventyr for eigne barn og i undervisning.
Musikalsk innslag: Frå Ålesund kulturskule kjem cellistane Elina Wang og Margrethe Zahl.