Eventyrveka si store finale!
Framsyninga varer i om lag 30 minutt, og passar godt for barn i alderen mellom 3 og 100 år. Gratis inngang!
I «Sølvendene» møter vi Askeladden på veg til slottet, for der har han nemleg høyrt at han kan få seg arbeid. Men kongen er ingen enkel mann, og vil at Askeladden skal dra til trollet og stele eit sengeteppe, ei gullharpe og til slutt trollet sine sølvender.
Askeladden har ikkje så lyst til å stele, men har kongen gjeve ordre, så er han nesten nøydd. Dermed legg han i veg til Berget det blå og lurer trollet meir enn éin gong – men kven er det eigentleg som blir lurt til slutt?