Velkomen til ei heil veke med eventyr på Moa bibliotek!
For høvet vil biblioteket (og bibliotekarane) få ein ny utsjånad, og det skjer mykje spanande for fleire aldrar.
Vi har eventyrstund med bokkino:
Måndag 2. mars kl. 10
Onsdag 4. mars kl. 10 og kl. 11
Lærar og kunstnar Aldona Ulstein byr på dokketeater:
Tysdag 3. mars kl. 09.30 og kl. 11
Vi har også noko for dei vaksne:
Torsdag 5. mars kl. 18 blir det foredrag med Aldona Ulstein og Nicolai Engeli Godø.
Dei vil snakke om folkeeventyr og kunsteventyr, og om eventyret si rolle i oppvekst og utdanning.
Til slutt får vi besøk av Askeladden Friteater!
Laurdag 7. mars kl. 11 viser dei framsyninga «Askeladden og Sølvendene».
For bokkino og dokketeater har vi påmelding for barnehagar, men det er òg ope for andre.