Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

Forfattarmøte med Are Kalvø på Harøya

Dato

Tysdag 3. mars 2026

Tidspunkt

kl. 12:00 - 13:00

Stad

Nærmiljøkafeen på Sandøytunet

Bilete av Are Kalvø som riv opp skjortebrystet sitt. I staden for Supermann-drakt, har han ei Felleskjøpet-tskjorte under.

Harøy bibliotek i samarbeid med Innbyggartorget på Steinshamn og Litteraturhus i Møre og Romsdal inviterer til forfattarmøte med Are Kalvø på Nærmiljøkaféen i Sandøytunet tysdag 3. mars kl. 12.00.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Sidan det er i lunsjtida, blir det mogleg å kjøpe mat frå kafeen.
Vi serverer gratis kaffi.

Er det best å bu i byen eller på landet?
Det spørsmålet stiller Are Kalvø seg – og til oss – i boka Berre bønder lengtar heim. Etter å ha budd ein månad i Noregs minste kommune, og deretter ein månad i London, samanliknar han to ulike livsformer med humor, varme observasjonar og djuptloddande refleksjon.

Kalvø er ein av dei fremste komikarane og samfunnsreflektørane i Noreg, kjend for å kombinere latter med innsikt og skråblikk på delar av det norske samfunnet. På dette arrangementet møter du han i samtale om boka, om skriveprosessen og om korleis han brukar humor til å ta tak i tema mange av oss kan kjenne seg att i.

Publikum får reflektere og le saman med forfattaren, og får høve til å stille spørsmål undervegs.

Ta gjerne turen og bli med på ein spennande og annleis føremiddag!

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Nærmiljøkafeen på Sandøytunet