Forfattarmøte med Magnhild Bruheim: Stjernefallet - Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

Forfattarmøte med Magnhild Bruheim: Stjernefallet

Dato

Onsdag 25. mars 2026

Tidspunkt

kl. 19:00 - 20:00

Stad

Skodje bibliotek

Foto av Magnild Bruheim som held opp boka Stjernefallet.

Foto: Gudmund Moren

Bli med på eit kriminelt djupdykk med Magnhild Bruheim når ho presenterer krimboka Stjernefallet. 

Her følgjer vi journalisten Tuva Velid i jakta på sanninga bak ein kjend skodespelar sitt mystiske dødsfall på Finnskogen. Det er duka for ei historie full av overraskingar, gamle løyndomar og menneskelege drama.

Bruheim er ein erfaren forfattar og ein meister i å veve spenning saman med sterke menneskeportrett. I dette forfattarmøtet fortel ho om korleis boka vart til, korleis ho jobbar med plot og karakterar, og kva det inneber å skrive krim på nynorsk. Publikum får ta del i samtalen og stille spørsmål

Skodje frivilligsentral stiller med gratis kafé og kake!

Arrangementet er gratis og ope for alle, så ta gjerne turen innom - vi håpar å sjå deg der!

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Skodje bibliotek