Friluftsforedrag: Padling på Sunnmøre - Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Stopp i fjernlån

Grunna konkurs i Norsk Bibliotektransport AS vert det førebels stopp i alle fjernlån (biblioteklån mellom kommunar).  Det vert òg sterkt redusert transport mellom biblioteka innad i Ålesund kommune. Sjå artikkel for meir informasjon.

  • Hendelse

Friluftsforedrag: Padling på Sunnmøre

Dato

Torsdag 23. april 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 19:00

Stad

Moa bibliotek

en person padler i kano på vatnet, i bakgrunnen er berg og en stor foss som renner ut i vannet

DNT Sunnmøre inviterer til frilufstforedrag i Moa bibliotek!

Sunnmøre byr på nokre av dei mest spektakulære padleopplevingane i landet – frå tronge fjordar til opne kystlandskap. I dette foredraget får du vere med bak kulissene og sjå korleis vi planlegg og gjennomfører padleturar – frå første idé til ferdig tur.
Foredragshaldar Sindre Slettestøl er ein erfaren og aktiv padlar, engasjert i både DNT Sunnmøre og Herøy Kajakklubb. Han deler konkret og praktisk innsikt i korleis ein tur blir planlagt: val av rute, vurdering av vêr og vind, tryggleik, gruppesamansetjing og logistikk.
Kveldens hovudeksempel er ei detaljert gjennomgang av padleturen til Flåvær – med rikeleg med bilete frå området. Her får du innblikk i både førebuingar, gjennomføring og erfaringar undervegs.
Avslutningsvis blir også kommande padleturar presenterte, slik at du kan la deg inspirere – og kanskje bli med på neste eventyr.
Enten du er nyfiken på korleis DNT-turar blir planlagde, eller vurderer å delta sjølv, vil dette foredraget gi deg både innsikt og inspirasjon.

Kom og få smaken av eventyr – vi gler oss til å sjå deg!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Moa bibliotek

Om staden

Namn

Moa bibliotek