Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka
  • Hendelse

Friluftsliv i Geiranger – opplevelser i Verdensarven

Dato

Onsdag 29. april 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 19:00

Stad

Moa bibliotek

en ung gutt slår en påle i marken med ei slegge. i bakgrunnen er et vann og en gård og fjell.

Bli med på ein inspirerande kveld om friluftsliv i og rundt Geiranger – eit område kjent for dramatisk natur, levande kulturhistorie og unike turopplevingar. Her møtest bratte fjell, frodige dalar og storslåtte fjordar i eit landskap som har fått plass på UNESCO si verdsarvliste.
Kveldens foredragshaldar er Merete Rønneberg, som har vakse opp på Sunnmøres høgstliggande gard, med naturen som leikegrind. Friluftsliv har følgt henne heile livet, og i ungdomsåra tok ho utdanning innan idrett og friluftsliv. Merete har skrive to turbøker frå Sunnmøre, samt barneboka om Gaute Gneis – der geologi blir formidla på ein leiken og tilgjengeleg måte. Til dagleg jobbar ho som formidlingsleiar i Verdsarvstiftinga i Geiranger, der ho mellom anna arbeider med naturvenleg tilrettelegging og formidling av natur- og kulturverdiar i verdsarvområdet Geirangerfjorden.
I foredraget deler Merete kunnskap, erfaringar og personlege historier, og gir deg inspirasjon til korleis du kan oppleve Geiranger-området på ein berekraftig og meiningsfull måte – enten til fots, på ski eller berre med eit nyfikent blikk.

Kom og få smaken av eventyr — vi sjåast!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Moa bibliotek

Om staden

Namn

Moa bibliotek