Slik fungerer det:
- Ta med inntil 10 leiker du vil bytte bort
- Når du leverer dei inn, får du bongar
- Bongane kan brukast til å «kjøpe» leiker som andre barn har levert
- Leikene må vere reine, heile og i god stand
Den siste halvtimen (kl. 13.30–14.00) kan ein velje fritt blant leikene som er igjen – utan å levere inn noko sjølv.
Innlevering av leiker:
Leiker kan leverast ved Ålesund bibliotek (2. etasje, Lavblokka) frå og med måndag 4. mai. Viktig å hugse:
- Ta med handlenett
- Spør deg sjølv: Ville eg valt denne leika sjølv?
- Sjekk at alle viktige delar er med
- Fjern klistremerke, vask bort tusj/teikn, og vask bamsar
- Leiker med mange små delar: legg alt i gjennomsiktig pose
- Det er ofte mange babyleiker igjen mot slutten. Ventar du barn, kan du kome då og plukke utan innlevering.
Vi tek ikkje imot: babyutstyr, sportsutstyr eller klede.
Leikebyttedag er bra for både miljøet og lommeboka!
Det er alltid kjekt med noko nytt – og her får barna «nye» leiker utan å knuse sparegrisen.
Arrangørar:
Barnas leikebyttedag er eit samarbeid mellom
Frivilligsentralen, Ålesund bibliotek, Besteforeldrenes klimaaksjon, Hjelpegruppa Ålesund og Redd Barna.