Likar du å oppleve fjella med lett jogg, frisk luft og flyt i stien?
Rundt Ålesund finn du nokre av landets vakraste område for stiløping – med alt frå kyststiar til luftige fjellryggar og lengre turmoglegheiter i spektakulær natur.
I dette føredraget får du ei inspirerande innføring i stiløping med Stine Flo. Ho deler erfaringar, tips og råd for deg som vil kome i gang, eller som ønskjer å utvikle deg vidare.
Du får mellom anna:
- Praktiske tips til korleis du startar med stiløping
- Råd om utstyr, tryggleik og planlegging
- Inspirasjon til fine løpeturar i regionen
- Innsyn i lengre turar og fleirdagars opplevingar i fjellet, inkludert i Tafjordfjella
Målet med føredraget er å senkje terskelen og inspirere fleire til å vere aktive ute i naturen – uansett nivå.
Enten du er ein nysgjerrig nybyrjar eller alt er glad i å springe, vil du få ny inspirasjon og konkrete idear til eigne turar.
Føredragshaldar er Stine Flo, som òg er Devold-ambassadør.
Føredraget er i regi av DNT Sunnmøre.
Velkomen til ein kveld med rørsleglede, naturopplevingar og inspirasjon!