Seksti kilo solskinn er første boka i Hallgrímur Helgasons prislønte Seksti kilo-saga – ei storslått forteljing om nordmenn og islendingars felles historie på Island.
Like før jul i 1889 blir den avsidesliggjande bygda Segulfjörður nord på Island råka av eit valdsamt snøskred. Berre ein liten gut overlever – ved å drikke mjølk rett frå juret på kua. Slik begynner historia om Gestur. Guten veks opp under harde kår, men når nordmennene oppdagar sildefisket på Island, endrar livet i bygda seg over natta. Det gudsforlatne soknet blir forvandla til ein yrande by, og Gestur anar ein veg ut av fattigdomen.
Med eit rikt persongalleri av fiskarar, prestar, tenestefolk og handelsmenn skildrar Helgason eit samfunn i rask endring. Romanen har blitt hylla som eit høgdepunkt i moderne islandsk litteratur.
På Ålesund bibliotek møter vi Hallgrímur Helgason i samtale med den norske omsetjaren hans, Maren Barlien Guntvedt.
Arrangementet er gratis og ope for alle!
Du møter:
Hallgrímur Helgason (f. 1959) er ein av Islands fremste forfattarar. Han har gitt ut ei rekkje kritikarroste romanar og fått Islands litteraturpris tre gonger, mellom anna for dei to første bøkene i Seksti kilo-sagaen. Han har òg vore nominert til Nordisk råds litteraturpris fleire gonger, og bøkene hans er omsette til ei rekkje språk.
Maren Barlien Guntvedt (f. 1991) er omsetjar og forfattar. Ho debuterte med romanen Einbreid bru i 2023, som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Ho har omsett over 20 bøker frå dansk, svensk og engelsk, og arbeider i dag hovudsakleg med islandsk litteratur.